Monthly Archives: april 2014

Brems bustadbobla, bygg studentbustadar.

 

I ein bymiljø der alle vil bu i sentrum er studentbustadar løysinga, mener lederne for Velferdstinget i Oslo, Bergen og Trondheim.

I dagens byar eksisterer det færre og færre tomter att til bustadutvikling i sentrumsnære strøk. Me meiner studentbustadar er måten å nytta desse tomtene på for avlasta den brennheite bustadmarknaden og samstundes betre ein svært pressa studentøkonomi.

Studentøkonomien er svak, svakare enn på mange tiår. Likevel konkurerer me ut barnefamiliar og nyetablerte i ein heit leigemarknad. Grunnen er enkel, me betalar per person, ikkje per eining. Fire studentar i eit kollektiv vil alltid utkonkurrera ein barnefamilie når det kjem til kjøpekraft. Om ein reknar at ein student i snitt er viljug til å betala 5 000 kr for eit rom i eit kollektiv, kan ikkje mange i same leigeskikt konkurrera.

Noreg utdannar fleire og fleire. Berre sidan 2006 har det blitt kring 40 000 fleire studentar, og slik trenden er no blir det ikkje færre med det fyrste. Og me vil bu ved studiestadane våre eller i bykjerna, og mange ynskjer å bu i studentbustadar. Diverre blir det bygd færre studentbustadar enn det kjem nye studentar, berre kring 12-1300 årleg, og ein får difor dårlegare dekning for kvart år som går. Dette fører til at fleire og fleire må sloss om dei same hyblane og kollektiva. Me er på veg til å få ei hyblifisering av storbyane, der mange kjempar om få, ofte små, dårlege og brannfarlege kollektiv nær sentrum og utdanningsinstitusjonane. Dette skadar sentrum, skadar økonomien til både studentar og andre leigetakarar, men tener utleigeheiar som skor seg på bustadmangelen. Me har ei bustadboble som veks ukontrollert.

Når me masar om studentbustadar trur mange at me mel vår eige kake, som delvis er sant. Studentbustadar er studentvelferd. Dei har billigare leige, ein trygg husvert i samskipnadane og ligg ofte i tilknytnad til der me studerer. Kva er det ikkje å elska? Det ein ofte gløymer er at studentbustadar avlastar leigemarknaden generelt. Fire studentar i studentbustadar er ein barnefamilie med betre økonomi.

I 2014 søkte samskipnadane om kring 5 100 studentbustadar. Direktørane i samskipnadane står klår med spade i hand og ventar på pengar frå Kunnskapsdepartementet. Diverre regnar det ikkje stønadspengar, det berre drypp, og i år vart det løyd til litt over 1450 bustadar. Med politisk vilje og offentleg finansiering kan ein på få år redusera trykket på bustadmarknaden samt bidra til ein betre studiekvardag for mange tusen studentar. Nøkkelordet er politisk vilje.

Det er tid for handlekraft. Regjeringa puslar i desse dagar saman sitt fyrste, eige statsbudsjett. Høgre, Venstre, KrF og FrP skal einast om mykje. I partiprogramma er alle samde om at det må byggjast fleire studentbustadar. No er tida for handlekraft og å innfri lovnadane frå valkampen. Innfri boligkravet, bygg 3 000 studentbustadar i året. Det hjelper so mange fleir enn berre oss studentar.